Millionbeløp å spare på rassikring

Samfunnet kan spare 125 millionar kroner kvart år på å sikre vegane betre mot ras.
Publisert 05.02.2008 16:23.
- Kommentarer
- Skriv ut
Det kjem fram i ein rapport frå Nasjonal rassikringsgruppe som vart lagt fram tysdag ettermiddag.
Ein av dei som kvart år tapar pengar på stengde Vestlandsvegar er transportnæringa.
Forplantar seg
Lastebilsjåfør Olav Gjerde i Slinde Transport er ein av dei som merkar konsekvensane av ras og stengde vegar. Ikkje sjeldan må han og andre i næringa stå timesvis i kø, eller køyre lange omvegar, fordi vegen er stengd av ras. Og det kostar pengar.
- Det står folk på andre sida og ventar på oss. Kjem eg eit par timar for seint til Førde ein morgon, så står det 10 stykkar og ventar på meg. Og det går ut over alle lokalrutene her oppe. Og det blir ekstrakostnader for dei som eig dei bilane, seier han.
Flest stengingar i Sogn og Fjordane

Ras i Oldedalen
Foto: Arne VikFor første gong har det blitt rekna på kva ras og stengde vegar kostar næringslivet og samfunnet generelt. På oppdrag frå Nasjonal rassikringsgruppe har Møreforsking kome fram til at samfunnet kvar år kan spare 125 millionar kroner dersom vegnettet blir betre sikra mot ras. På 25 år kan ein i følgje rapporten tene inn minst to milliardar kroner i rassikring.
Rapporten har vurdert 17 raspunkt i dei sju mest rasutsette fylka i landet. Sogn og Fjordane er det fylket med klart flest stengingar i løpet av eit år. Yrkessjåfør Olav Gjerde håper han slepp like mange stengingar i framtida.
- Sist fredag fekk eg tre timar venting uti Nordeide. Det blir tre timar lengre arbeidsdag som arbeidsgjevaren min må betale. Hadde vi klart å halde tidsskjemaet frå A til B, hadde det hjelpt mykje, seier han.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket