Hopp til innhold

Skrekkoppleving i Årdal

I same intervjuet som Thomas von Brömssen lovprisar Vik i Sogn, fortel han om ei skrekkoppleving i Øvre Årdal.

Øvre Årdal

Det var vakkert i Øvre Årdal også - men langt farlegare.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Thomas von Brömssen sin hylles til Vik i Sogn

I intervjuet med Magasinet fortel han også om då han og familien var på bilferie i Norge og kom til Øvre Årdal for mange år sidan. Der fekk dei den tvilsame æra av å miste bremsane på riksveg 53 ned mot Årdal. Der er det bratt, sjølv i vestlandsmålestokk.

- Min fru og min dotter skriker STANNA! Og eg trykkjer inn bremsen, trekker opp handbrekket, og det var stup og ingenting fungerte, og eg tok sikte på ein stor jævla stein. Og køyrde rett i han. Der sat eg, seier han til Magasinet medan han faldar hendene og gjer stemma tynn og audmjuk.

- Når det gjeld natur er Norge som Afrika.