Hopp til innhold

35 sit verfast på Filefjell

Om lag 35 bilistar sit verfast ved Maristuen på Filefjellet.

Kring 35 personar er innestengde på Filefjell.
Foto: Jan Jensen

SJÅ VIDEO: Stengt over Filefjell

- Det er litt fortvilande. Vi hadde sett føre oss ei fin helg på ski i Hemsedal, men no må vi tilbringe natta her, seier bergensaren Jan Jensen.

Innkvartert på hytter

E16 over Filefjell er stengt og vert ikkje opna att i dag etter at snøras har sperra vegen. Det vert laurdag morgon vurdert om rasfaren framleis er for stor til å opne vegen. Om lag 30 bilistar vert innkvartert på hyttene ved Maristuen.

- Eit ras sperrar vegen mellom Borlaug og Maristuen. På andre sida, på Filefjell, har ein brøytebil sett seg fast slik at dei ikkje får opna vegen. Vi kjem oss verken attende til Bergen eller over Filefjell, seier Jensen.

Det vart ikkje Hemsedal på Jorunn Mjanger og Astrid Daae.

Jorunn Mjanger og Astrid Daae konstaterer at dei sit i hytte på feil stad.

Foto: Jan Jensen

- Ganske ufyseleg

Jensen fortel at dei får god informasjon frå Mesta. Dei har no fått nøklane til hyttene og ser fram til å få komme inn i varmen.

- Det bles friskt, snør og er null grader. Det er ganske ufyseleg, men vi opplever det som trygt og godt her, seier han.

Snakka om evakuering

Han veit ikkje kor lenge dei må bli på hyttene til Maristuen.

- Det har vore snakk om evakuering, men det er litt usikkert. Det blir anten ved snøscooter eller helikopter. Men stemninga er god, den. Det er ei oppleving dette også, avsluttar Jensen.

Vurderer rasfaren

Operasjonsleiar Leif Bell ved Fjordane politidistrikt seier det førebels ikkje er tale om å evakuere dei verfaste.

- Her må vi konferere nøye med statens vegvesen og fagfolk på snøskred om korleis vi skal gjere det. Vi arbeider med å framskaffe forsyningar og vurderer om rasfaren er låg nok til å sende det inn, eventuelt andre hjelpetiltak, seier Bell.