26.05.2012

Turboneger til Fotballflora

Pengedryss på Turboneger-konsert (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

Helga 11. og 12. juli kan du kombinere fotball og musikk i kystbyen.

Brikkene er byrja å falle på plass for FotballFlora i Florø. Artistlista vert toppa av Turboneger, ei rockegruppe som har vore gjennom alle rockens mytisk-magiske sider med sex, drugs & rock'n roll.

Markante artistar

Bandet hausta stor jubel då dei i fjor vitja Førde og vil altså vitje den andre sunnfjordbyen i løpet av 2008. I tillegg kjem Surferosa med strynejenta, og Idol-dommar, Mariann Thomassen i spissen.

- I Hank von Helvete i Turboneger og Mariann Thomassen i Surferosa, har arrangørane fått på plass den mest markante og karismatiske mannlege og kvinnelege frontfiguren i norsk rock for tida, seier Per Øyvind Helle.

Liverpool - Norge

FotballFlora skal supplere Turboneger og Surferosa med 2-3 band. Desse banda blir klare om kort tid.

På Fotballfronten er det klart at Liverpools legender i år skal møte Norge – eit legendarisk lag med Drillo-generasjonen som ”sentrallinje”. Drillo sjøl tar truleg turen.