Hopp til innhold

Rasar mot samanslåing

Norsk Målungdom er svært misnøgde med forslaget til Stjernø-utvalet.

Det offentlege Stjernø-utvalet leverer si innstilling i morgon. Der står det at 38 utdanningsinstitusjonar blir redusert til åtte universitet. Det betyr at høgskulane kan bli slått saman med universiteta.

- Rasering av distriktspolitikken

- Ei samanslåing av universitet og høgskular over heile landet vil i praksis seie ei rasering av distriktsprofilen i dagens system. Det kan vi ikkje godta, seier Jens Kihl, leiar i Norsk Målungdom.

Han meiner Stjernø-utvalet er fullstendig på villspor:

- I dag ligg høgskulane spreidde over heile landet, og er viktige motorar i lokalsamfunna. Stjernø-utvalet har gått seg fullstendig vill i Oslo-gryta når dei ikkje ser verdien av dette, seier han.

Utfordrar Senterpartiet og Sv

- I tillegg fungerer særleg høgskulane i Rauland, Stord, Volda og Sogn og Fjordane som garantistar for eit nynorsk fagspråk. Om dei blir filialar av regionale stor-universitet, er norsk terminologiarbeid alvorleg truga, held Kihl fram.

No ber han Senterpartiet og Sv om å ta tak i saka.

- Vi utfordrar særleg Senterpartiet og SV til å seie kva dei meiner om den modellen Stjernø-utvalet skisserer. Kan dei godta at distrikta ikkje lenger skal vere anna enn eit haleheng til studiar og forsking i storbyane, spør Jens Kihl.