26.05.2012

Paragliderrekorden glapp

Sindre Hauglum før rekordforsøket (Foto: Bjørn Høyvik)

Paragliderpiloten Sindre Hauglum frå Førde greidde ikkje å setje nordisk rekord i triangelflyging måndag.

Målet var å flyge 68 kilometer, men han klarte berre halve distansen. Likevel er ikkje Hauglum skuffa.

- Eg hadde så fantastisk tur at eg er faktisk ganske happy.

Slutt på oppdrifta

Den planlagde rekordruta hadde start på Ranen over Gaupne, derifrå inn Lustrafjorden til Skjolden, så tilbake til Luster og opp Dalsdalen, over Vigdalen til Jostedalen, heilt opp i enden av Jostedalen og så ned igjen til Gaupne. Men halvveges var det slutt på oppdrifta.

-Eg kom berre til Vigdalen. 

- Naturopplevinga veg opp

På turen hadde Hauglum vore så høgt som 2200 meter, og naturopplevinga veg opp for at han ikkje klarte den nordiske rekorden

- Eg landa med eit stort smil om munnen ved stølen i vigdalen og fekk ein flott spasertur i solnedgangen nedover mot Jostedalen. Eg såg ein stor hjortebukk, og det var ei fin naturoppleving, så eg er nøgd med dagen.

- Vil du gjere fleire forsøk på å ta rekorden?

- No er det meldt fint ver dei neste to dagane og, men eg har ein arbeidsgjevar som sikkert lurer på kvar eg blir av, så eg må vel kanskje tilbake på jobb.