Hopp til innhold

Ulvang kjøper i Jostedalen

Vegard Ulvang er blant dei nye eigarane til norges einaste produsent av pelletsomnar; Bionordic i Jostedalen.

Vegard Ulvang

Skilegenda Vegard Ulvang er blant dei nye eigarane til Bionordic. Den einaste pelletsomn-fabrikken i Norge.

Foto: NRK

Fjord Invest, Ulvang, Luster Energiverk og Stange Energi er blant dei som no kjøper seg inn i Bionordic.

- For oss er dette ein halleluja-dag, seier dagleg leiar i Bionordic, Edvin Brun.

Det seier han mindre enn ei veke sidan det vart meldt om ein dramatisk nedgang i salet av pellets-omnar.

Les meir om det her.

All uro borte

- All uro som det måtte vore rundt framtida vår er fullstendig borte, seier sjefen på fabrikken i Jostedalen, som er dei einaste i landet som produserer slike omnar.

- Det som skjer no er ein del av ein strategi me har jobba med i to år. Me jobba med ein emisjon som eigentleg skulle vere klar i 2007, men me måtte nett over i 2008.

Utvikling over fem år

For dei tilsette ved fabrikken betyr dette i første omgang at alle arbeidsplassar er trygge. Så skal dei ta til å vekse, seier Brun.

- Dette gir oss både kapital og marknadstilgang. Me får ei forutsigbarheit dei neste fem åra rundt korleis me skal utvikle oss og jobbe. No skal me vekse, seier han.