Hopp til innhold

Brannen på Stadlandet er sløkt

Den store lyngbrannen på Stadlandet vart seint søndag kveld sløkt. Men brannvesenet fryktar den kan blusse opp igjen om det vert sterk vind, og dei held difor vakt. Ein fjerdedel av Stadlandet er svidd av.

30 kvadratkilometer lyng avsvidd.
Foto: Ole E. Oksholen

Eitt helikopter og 30 mann frå Heimevernet var natt til måndag i beredskap. Men heimevernet vil no verte permitterte og brannvesenet vil ta over vakthaldet utover dagen.

- Sjølv om brannen no er sløkt, kan den blusse opp igjen viss det vert sterk vind, seier konstituert brannsjef i Selje, Steinar Hatlelid.

Lyngbrann på Stadlandet.
Foto: Bjarne Eldevik

- Med det veret vi har no kan det ta to-tre dagar før vi er sikre på om brannen er heilt sløkt fordi det kan ulme i mosen, seier Hatlelid.

Nærma seg bygder

Ved 14-tida søndag hadde lyngbrannen på Stadlandet blussa opp igjen. Då fekk dei eit ekstra helikopter inn i sløkkingsarbeidet.

Helikoptermanskapet måtte tidlegare i ettermiddag ha ein halvtimes pause, og det var grunnen til at brannen blussa opp igjen tidleg på ettermiddagen.

- Brannen står på fjellet Teignakken, og har retning mot bygdene Teige og Årvik. No jobbar vi på spreng for å at brannen ikkje skal komme ned i eit skogsområde. Kjem han ned der kan han fort spreie seg til husa som ligg nedanfor dette område, sa lensmann i Selje, Bård Didriksen klokka 14.

30 kvadratkilometer svidd av

Tidlegare søndag trudde brannmanskapet at dei hadde kontroll med brannen.

- Vi er i ferd med å få kontrollen. Det er ei stund sidan vi har sett flammer, men det kan ulme i mosen så helikopteret pøsar på vatn der vi ser røyk, fortalde lensmann i Selje, Bård Didriksen i halv tolv-tida søndag føremiddag.

35 personar frå brannvesenet i Selje, Heimevernet, Sivilforsvaret, og frivillige deltok tidlegare i dag i sløkkingsarbeidet. Totalt er kring 30 kvadratkilometer - eller ein fjerdedel av Stadlandet - svidd av. 

Lyngbrann på Stadlandet.
Foto: Bjarne Eldevik

 

Vurderte å evakuere to bygder

Den store lyngbrannen som strekkjer i ei lengd på seks-sju kilometer nådde laurdag kveld bygda Refsnes. Flammane stod då kring 100 meter frå busetnaden, der vi finn bensinstasjon, fire-fem bustadhus og ein butikk. Brannvesenet sprøyta vatn rundt husa, for å styre brannen vekk. 

- I natt var det og ein kritisk periode då brannen nærma seg eit skogholt. Vi vurderte å evakuere bygdene Årvik og Honningsvåg, men vi fekk hjelp av vinden som snudde, seier Didriksen.

Brannen nærma seg også bygda Leikanger laurdag, men her er den no sløkt.

Fekk hjelp frå nabokommunane

Laurdag deltok 96 personar i sløkkingsarbeidet. Deriblant var brannmannskap frå fleire kommunar, Heimevernet, Sivilforsvaret og mange frivillige.

- Vi kjempar ein håplaus kamp. Helikopteret vil halde fram med å flyge utover dagen, og fleire frivillige er også i sving, sa uttrykningsleiar i brannvesenet i Selje, Geir Petter Hatlenes til NRK tidleg laurdag kveld.

- Det er bratt og vanskeleg terreng, difor er det ikkje enkelt for folk på bakken å få gjort noko, sa han.  

Lyngbrann på Stadlandet
Foto: Bjarne Eldevik

Familie vart evakuert

Lyngbrannen på Stadlandet truga natt til laurdag fire hus, og ein familie måtte evakuerast. Laurdag føremiddag meldte brannvesenet at dei hadde kontroll over brannen, men så utvikla det seg igjen utpå ettermiddagen.

 - Hadde det ikkje vore for hjelpa vi har fått av frivillige med tankvogner hadde det nok gått med hus i brannen i natt, sa konstituert brannsjef i Selje, Steinar Hatlelid, laurdag føremiddag.

Fugl får skulda

På grunn av svært ulendt terreng og sterk vind har brannvesenet slite med å få kontroll over brannen, som vart meldt klokka 12.48 fredag.

Hatlelid trur det er ein fugl som har floge i høgspentlinja og teke fyr som er skuld i den store lyngbrannen.