Hopp til innhold

Vil forby hettegensarar

Dagleg leiar ved Stryn Skisenter, Frode Briksdal, meiner både skjerf og hettegensarar bør bli forbode i T-krok heisar.

Middagsåsen Skisenter

Illustrasjonsfoto

Foto: NRK

Årsaka er at ein 10 år gamal gut nesten vart kvelt etter å ha blitt dregen etter T-kroken ved Stryn skisenter i helga.

LES OGSÅ: Nesten kvelt i skitrekk

- Medvitslaus

Guten hang fast etter hettegensaren og vart dregen med oppover i over 100 meter før nokon fekk trykt på naudstoggen. Då var guten medvitslaus grunna mangel på luft.

- Eg ville ikkje hatt noko i mot om det kom eit slikt forbod. Det vil gjere det lettare for personale ved heisane å seie at "du må ordne litt på kleda dine før du går oppover i heisen", seier Briksdal.

Gut hekta fast i trekket på Stryn skisenter
Foto: Arne Vik

- Kutt hettegensaren

Den ti år gamle guten kom raskt til seg sjølv, men episoden vert skildra som alvorleg. Om ikkje hettegensarar vert forbode, vil Briksdal oppmode skientusiastar om å kutte både hettegensarar og skjerf når dei skal i alpintbakken.

- I alle fall vil eg oppmode om det, seier han og prisar seg lukkeleg over at episoden i helga enda godt.

- Eg har ikkje sove heilt godt etter hendinga, seier han.