- Visst er dette kjekt, men eg må vel innrømme at eg stiller i oldboys-klassen, seier Oddvar Torsheim til bt.no.
Kunstmålaren og musikkartisten frå Førde var ein av i alt 180 påmelde til tv2 sin audition til programserien "Norske talenter", der målet er å finne underhaldningstalent.
Oddvar og Paul
- Eg har sunge ein song. Når Paul McCartney kan måle så kan vel eg synge, seier Torsheim, kanskje mest kjend for sine personlege tolkingar av Beatles-songar.
Dersom Torsheim går vidare blir han ein av 60 artistar som får opptre framfor eit dommarpanel i Bergen til helga. Der skal det konkurrerast om seks eller sju plassar i semifinalen i konkurransen som vert halden i februar, skriv bt.no.