Håpar brannen er sløkt på fredag

Per Holen, direktør i Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap, håpar brannen i bossfyllinga vil vere sløkt i løpet av fredag.
Publisert 04.05.2006 08:13. Oppdatert 04.05.2006 15:46.
- Skriv ut

- Vi er i ferd med å dekke til brannområdet med jordmasser for å kvele brannen nede i fyllinga. Viss vi er heldige så kan brannen vere sløkt i løpet av fredag, men det er for tidleg å seie enno, seier direktør Per Holen.
Ser ingen flammar
Holen seier at dei ikkje ser flammar lenger, men at det er røykutvikling. Arbeidet med å dekke til fyllinga i Festingedalen på Kaupanger vil halde fram utover kvelden. I natt vil det vere vakt på staden.
Brannvesenet i Sogndal og sivilforsvaret har i heile dag jobba på spreng for å sløkkje brannen som starta av seg sjølv tidleg natt til torsdag. Det brenn på eit 1,2 mål stort område.
Bossplassen i Festingedalen ligg 350 meter over fjorden, og tilgangen på vatn er dårleg. Difor har sivilforsvaret lagt ut 400 meter med slangar frå fjorden og opp til anlegget.
Kan brenne lenge
Brannvesenet frykta at brannen kunne spreie seg til skogen, men Brandsøy opplyser at mannskapa no har fått kontroll og at det ikkje lenger er fare for skogen. Det skal heller ikkje vere fare for bygningar og folk.
- Men problemet er ofte at det tek ganske lang tid å sløkkje brannar på bossfyllingar sidan brannen går djupt i fyllinga, forklarar Terje Brandsøy ved Alarmsentralen.

Per Holen er direktør i avfallsselskapet.
Foto: Arne Eithun/NRKBrann for 10 år sidan
Bossplassen i Festingedalen vert driven av Sogn Interkommunale Miljø- og Avfallsselskap. Plassen tek imot avfall frå hushaldningar og bedrifter i store deler av Sogn.
Det brann på bossplassen også for 10 år sidan. Men området det no brenn i er ein ny del av fyllinga, som ikkje er særleg djup. Fyllinga inneheld restavfall, og det er såleis ikkje noko farleg avfall som brenn.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket