Hopp til innhold

Eigarane kan få svi

Hunden sit fast på fjellhylle. Eigarane kan få økonomisk kattepine.

Leon
Foto: Hilde Dalos Aune

Les også:

Hunden alle vil hjelpe

 - Her meiner eg det offentlege burde ta eit ansvar sidan det er dyrehelse det går på. Ein burde då ha høve til å setje inn ressursar på ettersøk slik ein har når det gjeld menneske, seier Eivind Martin Mjærum, styreformann i Norsk kennelklubb.

Eigarane sitt ansvar

Per i dag ser det ikkje ut til at eigaren av hunden Leon, som vart skremd opp på ei fjellhylle i Oldedalen i Stryn nyttårsaftan og ikkje kjem seg ned igjen, får offentleg støtte til å få hunden ned att.

-Det er jo dyreeigaren som har starta dette så det er dyreeigaren som må betale, seier veterinær Martin Åmås i Mattilsynet om den store bergingasaksjonen som no er sett i gang. Bergingsaksjonen kan resultera i at Leon, eller "Sussebass" som han også blir kalla, kan kome tilbake til familien sin i løpet av dagen.

Driv ikkje med berging

- Dyrevernnemda og Mattilsynet har det ansvaret at me syter for at noko blir gjort og at saka ikkje berre blir lagt vekk. Så når me har kontrollert at dei jobbar med å få dyret ned att er det godt nok for oss. Me driv ikkje med redningsaksjonar, seier Åmås.

Han reknar med at den store hunden framleis er trygg på fjellhylla og at bergingsforsøka kan halde fram nokre dagar til før hunden sitt liv er i fare.