Hopp til innhold

Vurderer kronerulling for "Leon"

Historia om hunden "Leon" som sit fast på ei fjellhylle i Olden har engasjert folk over heile Skandinavia.

Leon

Pyreneerhunden 'Leon' har site fast på ei fjellhylle i over ei veke.

Foto: Hilde Dalos Aune

"Leon" vart skremd til fjells av ein nyttårsrakett på nyttårsaftan.

LES OG: Vêrfast på sjuande døgnet

- Det er tekstmeldingar, telefonar, epost. Heile pakka. Dei vil vite korleis det går med "Leon", starte kronerulling og vil leige helikopter, fortel oppdrettaren Hilde Dalos Aune.

Vurderer kronerulling

Fleire har også kontakta NRK Sogn og Fjordane og oppmoda til kronerulling. Ein person ville gje 2.500 kroner. Og nettopp kronerulling vert no vurdert, fortel Dalos Aune.

- Det høyres ut som ein veldig god idé å til dømes opprette ein konto som heiter "Redd Leon", seier ho.

Ventar på "Leon"

Heime i Olden set matmor Liv Verhaug og ventar engsteleg på at "Leon", eller sussebass som han også går for, skal komme heim. Han sit på ei fjellhylle over Myklebust i Oldedalen.

- Det er det livet dreiar seg om, seier ho og er glad for all støtte og vilje frå folk som ynskjer å hjelpe for å få halvannan år gamle "Leon" ned frå fjellhylla. Sjølv tykkjer ho det er ein god idé å opprette eit fond der pengane går til å berge dyr frå slike situasjonar.

- Men det må kennelklubben avgjere, seier ho.

Mislukka forsøk

Ein luftambulanse prøvde tidlegare i dag å ta seg opp til "Leon", men måtte vidare til eit anna oppdrag. Det er uvisst om det vert nye forsøk i morgon. Klatrarar og Røde Kors har så langt ikkje kunne hjelpe "Leon".

- Eg veit ikkje kva som skjer no. I verste fall vert "Leon" så svolten at han vil prøve å finne vegen heim sjølv. Uansett om det vil koste han livet, seier Verhaug.

Såg "Leon"

I 14-tida måndag stod nokre personar nede i dalen og følgde hunden med kikert.

- Dei ropte på han og då kom han fram. Han brukte då labben som om han skulle sjå om han skulle våge seg ned. Det er veldig glatt der og risikabelt å ta seg fram, fortel Verhaug.

Vonar på hjelp

Verhaug seier pyreneerhunden er i god fysisk stand og trur han kan klare seg i ei veke utan mat på fjellhylla som ligg om lag 500 meter oppe i fjellsida.

- Han har tilgang på fuktighet og har ly. Eg berre håpar at han ikkje vert våt i pelsen. Då kan det bli katastrofalt, seier ho og vedgår at både natta og morgondagen vert spennande.