26.05.2012

- Meiningslaus start på laksefiske

- Det er for seint å kunne setje laksenota i sjøen 15. juli. Det seier Jan Harald Lindegaard som er leiar i Sogn og Fjordane grunneigar- og sjøfiskelag.

Laks (NRK)

Direktoratet for Naturforvaltning meiner laksefiske på kysten berre skal vere tillete i tre veker kvar sommar, men Lindegaard seier 15. juli er ein meiningslaus opningsdato.

- Fisken er jo gått forbi når vi får lov å opne nøtene. Så vi får jo ikkje noko av han.

Strengare restriksjonar

Kampen for å bevare laksestammane i elvane våre har fått direktoratet til å føreslå endå strengare restriksjonar for sjølaksefisket enkelte stader enn dei strenge som har vore til no.

Her i fylket blir det ikkje sjølaksefiske i Sognefjorden og Førdefjorden. Eidsfjorden og Dalsfjorden skal vere opne frå 8. juli til 4. august, resten av fjordane berre eit par veker, frå 20. juli til 4. august, og kysten altså frå 15. juli til 4. august.

Etter 4. august skal det berre vere tillete å fiske etter rømt oppdrettsfisk, men berre på kysten.

Skal protestere

Lindegaard meiner dei skjerpa fangsttidene gjer at det ikkje er vits i å setje nota i sjøen.

- Men det er jo det dei vil, seier han.

No skal forslaget frå direktoratet ut på høyring, og sjølaksefiskarane vil seie frå.

- Vi må jo det. Vi kan ikkje berre sitje og ta imot og la dei få gjere kva dei vil. Vi må jo protestere på det.