Rockarar vann namneslaget

Patentstyret har gitt to av Gorgoroth-medlemmane rett til å bruke bandnamnet.
Publisert 28.12.2007 09:19.
- Skriv ut
I oktober i år vart bandet oppløyst, og det har vore stor strid om retten til å bruke bandnamnet Gorgoroth. No har patentstyret gitt bandmedlemmane King og sunnfjordingen Gaahl rett til å bruke namnet.
Gjer ikkje opp
Det andre bandmedlemmet, Infernus, vil ikkje la dette skje. Han seier i ei pressemelding at han har planar om å gje ut musikk under namnet Gorgoroth. Han får støtte frå plateselskapet Regain Records, som har hatt kontrakt med Gorgoroth sidan 2005.
Dermed kan sunnfjordingen Gaahl enno få kamp om bandnamnet, sjølv om patentstyret har sagt sitt. King og Gaahl har varsla at dei vil gå til søksmål dersom andre tek i bruk namnet Gorgoroth.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket