Hopp til innhold

Muggsopp i norsk drikkevatn

Muggsoppen Aspergillus ustus er for første gong funnen i drikkevatn i Norge. Det er mogleg at soppen kan framkalle sjukdom, skriv forsking.no.

Aspergillus ustus
Foto: Veterinærinstituttet

Veterinærinstituttet har hatt ei undersøking av drikkevatn over heile landet, og fann at vatn frå alle delar av dei undersøkte drikkevassystema vanlegvis inneheld muggsopp.

A. ustus er ein muggart som vanlegvis finns i jord. Men i norsk drikkevatn fann forskarane denne arten i overflatevatn og spesielt i grunnvatn.

Infeksjonar på sjukehus

Det har blitt rapportert om infeksjonar hos immunsvekka pasientar på sjukehus frå denne muggarten. Den skal òg vere motstandsdyktig mot medikament som brukast mot soppinfeksjonar.

Ein er usikker på kva det har å sei at sopparten er oppdaga i drikkevatn. Til det må ein forske meir.

Vil førebyggje

Utgiftene til medisinering mot soppinfeksjonar har auka kraftig over heile verda dei siste åra. Men sidan muggsoppen blir immun mot denne medisinen, fokuserer ein no på førebyggjande tiltak for å hindre spreiing av muggsoppen via luft til risikopasientar.

Forskarane trur at muggsoppen kan bli spreidd i innelufta via ørsmå vassdråper i lufta frå tappekranar og dusjhode.

Sjå Fakta om Aspergillus ustus