26.05.2012

Åtvarar mot lommetjuvar

Ubedne gjester har forsynt seg av verdisaker frå garderoben til Årdal FK.

Seinast under treninga tysdag ettermiddag var nokon inne i garderoben.

- Det forsvann to mobiltelefonar, ein mp3-spelar og eit bankkort frå garderoben, seier leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun, til nettavisa Porten.no.

- Dette er sjølvsagt både trasig og beklageleg, seier han.

Brukar ikkje å låsa

Også sist veke var det tjuveri frå garderoben til Årdal FK. Vanlegvis har ikkje dørene til garderoben vore låste under trening, men det vil dei vera frå no av, seier Øvstetun.

Han åtvarar andre som brukar hallen mot tjuvane, og seier at dei har observert nokre personar som har hengt rundt banen og hallen under treningane.

- Men me vil ikkje peika ut nokon særskild. I staden vurderer me å melda saka til politet, seier Øvstetun.