26.05.2012

Satsar på mislukka metode

Laks (Foto: TERJE MAROY/AFP)

Styresmaktene satsar vidare på behandlingsmetode som hittil har vore mislukka.

Den populære laksen i Lærdalselvi kjempar igjen mot parasitten gyordactylus salaris. Til våren set styresmaktene i gong med den same behandlinga i den gyro-smitta Lærdalselvi.

Har ikkje kontroll

Det skjer elleve år etter at rotenon skulle utrydde gyro-smitten i 1997, og to år etter førre aluminiumsbehandling.

 

- Vi gjer oss ikkje, og vi har forhold i elva som vi ikkje har kontroll på enno. Dette må vi bruke litt tid på å finne ut korleis vi skal takle det, seier Paul Nergård, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

- Heilt bak mål

Naturvernarane med Kurt Oddekalv frå Naturvernforbundet i spissen, er ikkje nøgd med at ein satsar på ein metode ein har mislukkast med tidlegare.

- Eg meiner Stortinget må få relevante opplysningar på bordet som viser kor mange vassdrag som er mislukka. Å forgifte vassdrag med ein metode som vi veit ikkje fungerer er for meg heilt bak mål, seier han.