26.05.2012

Pengegrisk lege såg ikkje beinbrot

Ein vikarlege i Årdal tenkte mest på om han fekk betaling då han undersøkte ein skada mann. At eit bein var brote oppdaga han ikkje.

Arve Bakketun frå Årdal skada seg i skuldra då han fall av sykkelen i påsken. Men den danske vikarlegen han oppsøkte viste seg å vera meir oppteken av betalinga enn av å undersøkja den skadde skuldra.

– Han byrja å masa om pengar med ein gong, for han kunne ikkje jobba gratis, som han sa, seier Bakketun til Sogn Avis.

Ville ha betaling med ein gong

Bakketun hadde ikkje med seg pengar, men tilbaud seg å koma innom legekontoret seinare for å betala.

- Legen var vanskeleg, og ville heller ikkje gje meg ei sjukemelding før han hadde fått pengar.

Helst ville legen ha betaling med ein gong, og han oppmoda Bakketun om å spørja dei andre pasientane på venterommet om å få låna pengar av dei. Men ingen kunne låna Bakketun dei 200 kronene legen skulle ha.

20 kroner ekstra

Legen fann ut at Bakketun ikkje hadde fått alvorlege skader etter sykkelulukka, og sjukemeldinga fekk han også til slutt. Bakketun lova å koma innom med betalinga seinare. Etter nokre timar ringte legen heim til han og lurte på kor pengane blei av.

– Då reiste eg til kontoret og gav han dei 200 kronene og 20 kroner ekstra slik at han fekk seg litt mat. Han måtte jammen slita med økonomien.

Hadde brote bein i skuldra

Etter at sjukemeldinga på ei veke var over, hadde Bakketun framleis så sterke smerter i skuldra at han ikkje var i stand til å arbeida. Han såg seg difor nøydd til å oppsøkja lege igjen. Etter ny undersøkjing av ein annan lege blei han send direkte til Lærdal sjukehus der dei konstaterte at eit bein i skuldra var brote.

- Eg tykkjer dette er heilt uhøyrt. Kommunen bør få greie på kva legar dei hentar til bygda. Det er ikkje slike me vil ha her, seier Arve Bakketun.