10.02.2012

- Ambulansetilsette er ikkje late

Ambulanse: Illustrasjonsfoto (Foto: Bjørn Grimen/NRK)

Ambulansepersonell i Helse Førde føler seg uthengde av eigen sjef.

- Det har komme sterke reaksjonar frå tilsette, seier tillitsvald John Ellingsund ved Prehospital klinikk til avisa Firda.

Reagerer

Onsdag presenterte klinikkdirektør Terje Olav Øen statistikk som fekk styremedlemmane Knut Cotta Schönberg og Kjell Opseth i Helse Førde til å be om at ambulansefolka måtte få meir å gjere. Blant anna vart det vist til at enkelte ambulansar berre har ei utrykking i veka i snitt.

- Øen sine tal var i seg sjølv korrekte, men dei vart brukte på ein slik måte at dei skapte eit heilt feil inntrykk av kva ambulansekvardagen handlar om. Dette kjem til å bli teke opp, når vi skal ha drøftingsmøte med leiinga, seier han.

Han reagerer sterkt på korleis Cotta Schönberg og andre styremedlemmar følgde opp Øen si orientering på.

- Tek ikkje med alt

- Eg føler det blir framstilt som om ambulansepersonellet ikkje gjer noko, seier han.

- Statistikken tek ikkje med alt arbeidet med klargjering, sjekk av bilar og utstyr, rapportering og fagleg oppdatering, seier Ellingsund.

Schönberg meinte at ambulansepersonellet burde få meir å gjere. Sidan dei sit i beredskap store delar av døgnet burde dei kunne gjere andre oppgåver i tillegg. Styremedlem Kjell Opseth gav uttrykk for det same:

- Vil det ikkje vere fornuftig å kombinere beredskapen med anna helsearbeid?

- Dersom det er knytt opp til ei legevakt. Elles blir det vanskeleg å få eit fagleg utbytte, seier Ellingsund.