26.05.2012

19-åring vann Kjeringi Open

19-år gamle Henrik Langeland frå Sogndal stakk av med sigeren etter ein dramatisk innspurt i det tradisjonsrike Kjeringi Open på Leikanger.

Løpet startar 1314 meter over havet, og endar opp ved fjorden. Då har løparane vore gjennom ettapar med telemark, langrenn, springing og sykkel.  

Geir Verpeide frå Stranda leia lenge, men like før slutt sette sogningen inn ein sterk sluttspurt.  

- Eg var sikker på å bli nummer to, men like før mål gjekk eg forbi. Det var fantastisk, seier sogningen.

- Eg forstod ikkje heilt at eg hadde vunne, men etter ein pust i bakken gjekk det opp for meg, seier ungguten.

Benedicte Aa frå Hyen gjekk av med sigeren i kvinneklassen.