26.05.2012

Nydeleg mat på grillen

Kokk Pål Jetmundsen. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)

Vi du ha gode tips til varmrettar, osterettar, drikkar og grillmat? Ta turen innom radiokjøkkenet vårt.

Kokk Pål Jetmundsen, Stian Sjursen (midten) og Roy Raasholm Fauske

NRK Sogn og Fjordane har laga ein serie om matrettar. Stian Sjursen og Roy Raasholm Fauske har fått med seg kokk Pål Jetmundsen på kjøkkent. I denne serien gjev vi deg tips til varmrettar, osterettar, drikkar og grillmat. Rettane er enkle å lage, og dei er godt eigna til både heimekos og turmat.

Grilla ananas med ost

Del ein ananas i fire eller sek båtar. Rull desse i sukker. Legg dei på grillen i nokre minuttar på kvar side. Servèr med kald Kesam vanilje.

Del 13 - grilla ananas med ost

Marinert grilla Camembert

Legg ein Camembert i ein marinade av balsamico og olje i 10 minuttar. Legg camemberten på grillen i 30 sekund på kvar side, og servèr med ein gang.

Del 12 - marinert grilla Camembert

Grilla scampi med Snøfrisk-dipp

Legg tre scampi på spyd i marinade av olje, chilli og ingefær. Dei må liggje nokre timar i marinaden. Grill scampiane i nokre minuttar. Bland ein pakke snøfrisk naturell, med ½ raudlauk, 1 dl fløyte, litt finhakka graslauk og litt sitron. Dette skal serverast kaldt til scampiane.

Del 11 - grilla scampi med Snøfriskdip

Grilla svinefilet fyllt med riddarost og basilikum

Lag eit snitt på langs i svinefileten. Fyll i bitar av ridderost. Legg basilikumblad på toppen. Surr saman med hyssing. Skal grillast i 15 – 20 minutter. Unngå å legge kjøttet med snittsida ned.

Del 10 - grilla svinefilet fyllt med riddarost og basilikum

Grilla entrecote med brie

Grilla entrecote med brie. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)

Grill eit stykke biff, på slutten av steiketida legg du eit godt stykke brie oppå, ta gjerne på eit lokk, eller litt aluminiumsfolie.

Del 9 - entrecote med brie

Grilla kyllingbryst fyllt med blåmuggost

Grilla kyllingbryst med blåmuggost. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)

Skjer ei lomme i kyllingbrystet og legg i ei skive blåmuggost. Legg dette på grillen i fire minutt på kvar side.

Del 8 - kyllingbryst fyllt med blåmuggost

Grilla poteter med kremost

Grilla poteter med kremost. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)

Legg potetbåtar i folie med olje og kvitlauk, pakk saman og legg på grillen. På slutten legg du i eit beger med kremost urter.Bland godt før servering.

Del 7 - grilla poteter med kremost

Bagel med kremost

Radiokjøkkenet. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)
  • 1 boks kremost med kvitlauk
  • Bagel
  • Egg
  • Salat
  • Sprøstekt bacon
  • Raud lauk

Del 6 - bagel med ost og bacon

Fritert brie. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)

Fritert brie

  • 1 stk brie
  • 2 egg
  • Mjøl
  • Brødmjøl

Del brien i passe bitar. Dypp bitane i mjøl, så i egg og deretter i brødmjøl. Så i egg igjen og ein gang til i brødmjøl. Fritèr bitane gyldenbrune i olje. Server desse varme.

Del 5 - fritert brie

Varme pølser med ostedip

Pølse med ostedip. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)
  • 1 pakke pølser
  • 200 gram Snøfrisk
  • 1 dl kremfløyte
  • ½ raudlauk
  • 1 fedd kvitlauk
  • 2 ss timian
  • Salt og peppar

Finhakk lauk, kvitlauk og timian. Bland alt saman og smak til med salt og peppar. Varm pølsene og server med brød.

Del 4 - pølser med ostedip

Salat med Ridderost, aprikos og nøtter

Ostesalat med Ridderost. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)
  • 285 gram Ridderost
  • 1 boks valnøtter
  • 1 pose tørka aprikosar
  • 2 ss honning
  • Saft fra 1 appelsin

Kutt Ridderosten i terningar. Del valnøttkjernene i to.Kutt aprikosane i strimlar og bland saman. Kok opp safta av appelsina og smelt inn honningen. Avkjøl dette og hel det over salaten. Dette kan med fordel stå å trekke i nokre timar.

Del 3 - ostesalat med Riddarost

Pastasalat med yoghurt og pestodressing

Pastasalat med yoghurt og pestodressing. (Foto: Roy Raasholm Fauske/NRK)
  • 1 pakke tortelini
  • 100 gram kokt skinke
  • 1 rødlauk
  • 1 paprika
  • 2 dl matyoghurt
  • 2 ss pesto
  • Kok pastaen og avkjøl

Bland alt saman, smak til med salt og peppar.

Del 2 - pastasalat

Ananas Smoothies med ingefær

  • 1 banan
  • 200 gram frisk ananas
  • 20 gram frisk ingefær
  • 3dl matyoghurt
  • Kan søtast med sukker

Køyrast glatt i blender eller foodprosessor.

Del 1 - smoothies