Ny forskrift kan forby laksefiske
Det kan bli slutt på alt laksefiske i Lærdalselvi, Aurlandselvi, Jølstra og Ytredalselva dei neste fem åra.
Publisert 06.12.2007 10:32.
- Skriv ut
Fylkesmannen har sendt ut forslag til ny fiskeforskrift.

Mange elvar blir råka
I forslaget til forskrift for fiske i vassdrag opnar Fylkesmannen for fleire innstrammingar:
- Fylkesmannen føreslår å stenga for fiske i Lærdalselvi, Jølstra og Ytredalselva (Vadheim).
- Fylkesmannen føreslår å stenga for laksefiske i Aurlandselvi.
- Fylkesmannen føreslår å korta inn laksesesongen ein halv månad i Nærøydalselvi, Flåmselvi, Stryneelva, Loelva og Oldenelva.
- Fylkesmannen føreslår å korta inn laksesesongen til to månader i Kvamselva, Osenelva og Gloppenelva.
Situasjonen er alvorleg
Fiskeforvaltar Eyvind Sølsnæs hos Fylkesmannen meiner det er vanskeleg å fastsetja fiskereglane.
Statistikken varierer frå år til år, og det fører til at ekspertane er redde for at laksestammene er i ferd med å døy ut..
- Situasjonen er alvorleg for villaksen, seier Sølsnæs. Føresetnaden for å fiska laks er at elvane produserer eit haustingsoverskot. Og, dette er usikkert for desse elvane.
Årsaker
Lakseparasitt og kraftregulering er årsaker til at ein må stramma inn.
Utfordringar med lakselus, som tek knekken på smolten når han vandrar frå elvane og ut i havet, gjer også situasjonen vanskeleg.
I tillegg er gytebestanden mindre, og dette fører til strengare kriterium for å opna for fiske i 20 lakseelvar i fylket.
Vil diskutera
Grunnen til at desse forslaga kjem no er at Fylkesmannen kvart femte år må laga ei ny fiskeforskrift.
Forslaget til ny forskrift skal ut på høyring fram til januar.
Fylkesmannen ønskjer lokale løysingar for å få ned trykket utan å redusera fisketida.
- Me er opne for lokale synspunkt, og er villige til å diskutera, avsluttar fiskeforvaltar Eyvind Sølsnæs hos Fylkesmannen.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket