26.05.2012

Siger og tap for GHK

Herrelaget til Gloppen Handballklubb returnerte frå Bergen med to av fire moglege poeng.

Laurdag tapte glopparane 33-24 for NHHI i Lehmkuhlhallen. Søndag vart det siger 25-21 over Bergen HK.

- Det var godt. Slik det utvikla seg i kampen mot NHHi, er vi alt i alt nøgd med to poeng, seier Øystein Ellingvåg som saman med Edvin Øygard vart mestscorande med seks mål mot Bergen.

Vart henta inn

Pauseresultatet mot Bergen HK var 16-11 i favør av GHK.

- Vi leia ein periode med sju mål, men fall litt nedpå. Like før slutt var Bergen to mål bak, men heldigvis fekk vi løfta oss igjen, seier han.

Opp ein plass

I oppgjeret mot NHHI vart Øygard mestscorande med ni mål. GHK heldt lenge følgje med vertane i nimålstapet laurdag.

- Det var 16-16 til pause og vi heldt dei i ti minutt av andre omgang. Då berre drog dei i frå. Vi hadde ikkje meir å gje, seier Ellingvåg. Med sigeren søndag passerte GHK Bergen på tabellen. Laget er nummer fire med ni poeng.