Hopp til innhold

Skulekutt trass lovnader

Trass i Regjeringa sine lovnader om å satse på skulane, er det forslag i nesten alle kommunane i fylket om å kutte i løyvingane til skulane neste år.

Skuletavle
Foto: NRK

Ved Austreim skule i Gloppen er forslaga til kutt så alvorleg at foreldra har skrive brev til kommunen.

Leiar Bjørn Inge Solheim i foreldreutvalet der er opprørt.

- Vi er skuffa når vi ser at kommunen gjer skulen dårlegare ved å løyve mindre pengar til den. Vi har jo forhåpningar om at Soria Moria erklæringa skulle bli følgt opp, seier han.

- Følgjer ikkje pengar med godorda

Familiefaren i Gloppen er bekymra for kva undervisningstilbod borna hans skal få. Kommunen sitt forslag til budsjett for 2008 kan bety kutt i både lærarstillingar, timetal, og tilrettelagt hjelp for elevar som treng spesialundervisning ved Austreim skule. Og det trass i at Regjeringa har love å satse på skule.

- Det er jo alvorleg når politikarane seier dei skal satse på skulen og at ungane er framtida vår. Og så følgjer det ikkje pengar med desse gode orda, seier Solheim.

- Berre tre kommunar opprettheld nivået

Frustrasjonen til foreldra i Gloppen over skulekutt er langt frå unik. Gunn Marit Haugsbø, leiar i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane seier Aurland, Gaular og Lærdal er dei einaste kommunane som opprettheld nivået frå i år til neste år.

Kommunane i Sogn og Fjordane sine forslag til budsjett for 2008 viser at neste alle vil kutte i overføringane til skulene. Det skjer trass i Soria Moria erklæringa der Regjeringa har lova at skulane landet over skulle bli betre. Haugsbø er bekymra.

- Det vil ha store konsekvensar for læringsmiljøet til elevane og arbeidsmiljøet til lærarane, seier ho.

- Må følgje opp lovnadene

Den raudgrøne regjeringa har dei siste åra styrka kommuneøkonomien. Og Haugsbø fortel at ho i fjor nøgd kunne sjå at den negative i utviklinga i skuleøkonomien flata ut. Men i år er på an igjen med nye alvorlege kuttforslag.

Haugsbø vil ikkje uttale seg om det er Regjeringa som ikkje held løfta sine, eller om det er kommunane som ikkje brukar pengane som dei skal. Men ho seier at det er klare forventningar om at desse midlane òg skal komme elevane til gode.

- Kommunepolitikarane må følgje opp lovnadene Regjeringa har gitt, seier ho.

Må vike for andre oppgåver

Ordførar i Gloppen, Anders Ryssdal, seier dei har bestemt å overføre 100.000 kroner meir til oppvekstsektoren i 2008. Men ordføraren innrømmer at det monnar lite, både for Austreim skule og dei andre skulane.

- Eg ser at i forhold til den prosentvise auken i mellom sektorane, så er det ikkje oppvekst som får mest i denne omgang.

-Det skuldast at det er store og svært presserande oppgåver på spesielt Helse og omsorg, men òg andre sektorar, seier Ryssdal.

- Må vere ærlege

Haugsbø ser med aukande uro på at skulen stadig tapar kampen om resursane. Ei undersøking som vart presentert torsdag viser at norske elevar ei dei dårlegaste i Norden på lesing, matte og naturfag. Og verre kan det bli.

- I naturfag er det er ikkje pengar til å kjøpe utstyr til å drive forsøk, eller det blir ikkje tilrettelagt for delingstimar. Og det gjer noko med interessa for faget, seier leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.

Og foreldra i Gloppen er bestemte på å kjempe vidare for sin skule. No håpar dei politikarane vil ta brevet deira på alvor når den endelege behandlinga av budsjettet tek til i desember.

- Viss dei ikkje har dei pengane, må dei vere ærlege nok til å sei at dei ikkje har den visjonen for skulen vår, seier Bjørn Inge Solheim.