Skal skape positivitet i Høyanger
I påska vert eit nytt blad lansert i Høyanger. Målet med bladet som skal kome ut fire gonger årleg er å skape positivitet rundt omstillinga i Høyanger.
Publisert 11.04.2006 15:53.
- Skriv ut

Personane bak det nye magasinet. Frå venstre redaktør Geir Bjarte Hjetland, Tore Birkhaug, Arve Ullebø og Bjarte Johansen.
Foto: PressebileteMagasinet HØY er eit samarbeidsprosjekt mellom Pow! Productions i Høyanger og Høyanger Næringsutvikling.
- Magasinet er på 28 sider i alle regnbogens fargar og skal vere eit positivt tilfang til mediefloraen i Sogn og Fjordane, heiter det i ei pressemelding.
- Magasinet skal kome ut tre gonger i år og fire gonger årleg frå 2007. Målet med magasinet er å skape positivitet rundt omstillinga i Høyanger. Difor har vi lagt oss på ei reint positiv redaksjonell linje, seier redaktør Geir Bjarte Hjetland.
Gratisblad
Magasinet skal distribuerast gratis til alle husstandar i Høyanger, Gaular og Balestrand kommunar.
- Vi har både glade artiklar og påskekryssord, skryt Hjetland, som kom attende til Høyanger i fjor haust etter mange år som journalist i hovudstaden.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket