Hopp til innhold

Kuttar ved nærsjukehuset

Helse Førde har vedteke å legge ned sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø.

Styremøte Helse Førde
Foto: Tone Lin Støfring

Avgjerda vart tatt på styremøtet til Helse Førde som begynte klokka 10.30 i føremiddag. Vedtaket var samrøystes.

- Nedlegging av ein sengepost i Florø er eit klokt val, uttalte styreleiar Clara Øberg.

- Lite kjekt

Styremedlem Jorunn Ringstad frå Senterpartiet, presiserte at ho ikkje var med på vedtaket med godt hjarte.

- Det er ikkje kjekt å legge ned ein sengepost og vere med på nedskjeringar. Det er likevel med på å styrke dei andre lokalsjukehusa, meinte Ringstad.

Slaget er ikkje tapt

Mange tilhøyrarar hadde møtt opp, blant dei ein delegasjon frå Florø. Ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal, var svært skuffa over vedtaket.

- Å legge ned ein sengepost er det same som å legge ned sjukehuset i Florø, meinte Frøyen.

Ho vil likevel ikkje kalle det eit brot på Soria Moria-erklæringa før vedtaket frå Helse Førde er godkjent av helseminister Sylvia Brustad.

Berit Seljeset Osa frå Høgre, seier slaget ikkje er tapt før dei har fått endeleg vedtak frå statsråden.

Ville utsetje vedtaket

Randi Fagerheim gjorde framlegg om å utsetje vedtaket om nedlegging av sengeposten. Berre to medlemmer i styret stemde for dette.

Fagerheim meinte det vil vere fornuftig å vente på statsråden si godkjenning før ein gjorde vedtak. 

Brustad  seier ho følgjer saka nøye, men gjev ingen signal om kva ho meiner. Ho vil vurdere om vedtaket i Helse Førde er i strid med oppretting av Nærsjukehuset i 2003.

20 mistar jobben

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, nemner 1. februar 2008 som eit aktuelt tidspunkt for nedlegginga.

Omlag 20 årsverk forsvinn. Kutta kan komme både i Florø og Førde og innsparingane blir på minst 7 millionar kroner.