26.05.2012

Dristig satsing på netthandel

Litteratur skal gjøres mer tilgjengelig langs veien

Noregs fyrste nynorske nettbokhandel startar opp i Florø på nyåret.

Bak verksemda står Det Norske Samlaget og dei lokale bokhandlarane Johannes Flæten og Trond Økland

Bokdykk

- Me håpar å bli eit supplement til den norske netthandelen, kome med noko nytt, og skape trygge og varige arbeidsplassar i Sunnfjord, seier ein optimistisk Økland.

Bokdykk er namnet på den nye nettbokhandelen. Drifta startar opp våren 2008. Konkurransen er hard for nettbokhandlarane, men det er godt mogleg å vekse seg store. Haugen Bok i Volda har hatt ei fordobling av tilsette på sju år. Økonomisk går verksemda betre og betre.

Nyskapande nisjebedrift

Bokdykk er den einaste nettbokhandelen som profilerer seg med bøker på nynorsk. Økland har tru på at dette gjer dei til ei populær nisjebedrift.

- Målet er å ta tak i nynorskmarknaden. Me vil satse på regionale utgjevingar over heile landet, lokallitteratur, lokalhistorie og liknande. Marknaden er veldig spanande, så me trur me har funne ei nisje me kan ta tak i, meiner bokhandlaren.

Godt utgangspunkt

Utviklinga skjer i samarbeid med Sunnfjord 2020, som driv næringsutvikling i regionen. Det Norske Samlaget vil også vere ein viktig støttespelar for nettbokhandelen. Økland håpar ein også kan dra nytte av forlaga i fylket.

- Me skal legge stein på stein. Me har eit godt utgangspunkt i fylket med fleire sterke lokale forlag, som har spanande bøker. Det same gjeld også andre fylke, seier Økland.