Hopp til innhold

- Eg vart lurt trill rundt

Rådmannen i Bremanger hevdar kommunen er rundlurt av Terra.

Tor kristian Gulhaugen
Foto: NRK

Bremanger-rådmann Tor Kristian Gulhaugen seier Terra lurte han trill rundt.

- I ettertid ser me at me ikkje burde hatt noko som helst å gjere med Terra. Når me ser korleis dette uviklar seg, er det jo tydeleg det, seier Gulhaugen.

Trudde risikoen var låg

Rådmannen inngjekk avtale om kjøp av amerikanske obligasjonar til 170 millionar kroner. Ifylgje Gulhaugen sa Terra at investeringane hadde låg risiko.

- Kommunestyret har vedteke at kommunen kan investere i produkt med låg risiko. Det har me gjort klart for Terra. Terra har fått både vedtaket vårt, og økonomireglementet vårt. Dei står fast på at det er eit lågrisikoprodukt me har investert i, hevdar Gulhaugen.

Rådmannen tek sjølvkritikk for situasjonen kommunen har hamna opp i.

- Eg beklagar at det har utvikla seg slik. Me burde ikkje vore der me er no, understrekar han.

Feilinformasjon

I går kveld vedgjekk Terra Securities informasjonsfeil til dei fire kommunane i Nordland som har gjort liknande investeringar. Gulhaugen meiner Terra også har feilinformert Bremanger.

Marta Finden Halset
Foto: Sindre Løkstad / NRK

Terra har prøvd å kome nordlandskommunane i møte ved å tilby å ta delar av tapet deira. Ordførar i Vik, Martha Finden Halset meiner kommunen hennar også er lurt. Ho håpar på ei snarleg løysing.

- Me har same målet som kommunane i Nordland, at kommunen skal kome uskadd frå investeringa. Me har inngått ei avtale om juridisk bistand med dei same advokatfirma som nordlandskommunane, seier Halset.

Direktør for informasjon og samfunnskontakt i Terra, Sigurd Ulven, ynskjer førebels ikkje å kommentere sakene med Vik og Bremanger. Han trur uansett at måten Terra no kjem nordlandskommunane i møte, lovar godt for kommunane i Sogn og Fjordane også.