26.05.2012

Redda hund frå fjellhylle

Norsk Folkehjelp jobba i fire timar måndag ettermiddag for å redde ein fuglehund. For hunden hadde sett seg fast på ei hylle omlag 40 meter frå toppen ved Langleiskarnosi ved Tyin.

- Hunden må ha gått laus. Kanskje han har vore borti ein fugl og blitt litt for aktiv, for dette var ein fuglehund. Eg veit ikkje om han har sprunge ned eller ramla ned. Det seier operativ leiar Rune Blikken i Folkehjelpa.

Korke opp eller ned

Men hjelpelaus satt dyret nede i fjellsida utan sjans til å komme seg korkje opp eller ned. Eigaren kontakta folkehjelpa, og det same gjorde andre fjellfarande som høyrde hundeglam, og Norsk folkehjelp trødde til.

- Ein i bregruppa har kompetanse på dette med tau og sikring. Vi fekk han til å vere ein scooterpatrulje med det utstyret vi hadde. Men vi hadde litt for lite tau, så vi snakka med fjellturgruppa, seier han.

Lukkeleg hund og eigar

Og med to fjellklatrarar og to frå folkehjelpa så lukkast aksjonen.

-  Enden var god, ja. Han fekk tak i hunden og fekk kopla den til tauet. Slik klarte han å få hunden opp att, seier han.

Fire timar brukte karane på jobben, for det stod jo ikkje om livet. Og dermed kunne ein lukkeleg hund gjenforenast med sin eigar.

- Eigaren var nok like lukkeleg som hunden, seier Blikken.