Hopp til innhold

- Veldig, veldig beklageleg

Langrennsløpar frå Gloppen både arbeider og blir sponsa av Terra-gruppen.

Odd-Bjørn Hjelmeset
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Odd-Bjørn Hjelmeset beklagar sterkt at Terra Securities har seld svært risikofylte obligasjonar til norske kommunar.

- Det er veldig, veldig trist. Eg vonar at vi får retta opp i det så fort som mogleg, slik at folk ser kva verdiar selskapet har, seier han.

Hjelmeset vil ikkje vurdere å bryte samarbeidet med selskapet.

- Eg veit at Terra arbeider hardt for å få dette på rett kjøl att. Dei har omplassert gutane som har gjort dette og no arbeider dei kun for å få dette på skinner att, seier han.