Hopp til innhold

Passasjer innelåst i bagasjerommet

Ei kvinne var låst inne i bagasjerommet i ein buss frå Fjord1 Sogn Billag medan bussen køyrde i tjue minutt.

Tøff konkurranse om busspassasjerene
Foto: Teikning: Heidi Lise Bakke / NRK

- Du gløymer ikkje dette over natta. Det er klart at ho reagerer på ei slik sak, kven hadde ikkje gjort det?

- Det må ha vore ein tøff tur for kvinna, vedgår administrerande direktør i Fjord1 Sogn Billag, Jarle Molde.

Såg ikkje passasjeren

Uhellet skjedde på seinvinteren på ekspressbussen til Bergen. Då kvinna skulle gå av i Åsane, låg kofferten hennar så langt inne i bagasjerommet at ho måtte klatre inn. Brått gjekk luka att bak henne, og bussen byrja å køyre.

- Sjåføren såg ikkje passasjeren og let att lukene, og så vart passasjeren dessverre sitjande innelåst i bagasjerommet. Det var sjølvsagt leit for passasjeren, men også for sjåføren og oss som selskap, fortel Molde. 

- Kor farleg er det å sitje i bagasjerommet når bussen køyrer?  

- Du kan jo verte slengde frå ein kant til ein annan kant. Men no var det jo ein del bagasje i bussen, slik at passasjeren forsøkte å støtte seg til den.

Nye rutiner

Molde veit ikkje om at noko liknande har skjedd før på bussane til billaget. Dei har likevel lagt om rutinene etter hendinga. No må alltid sjåføren vere med ut når ein passasjer skal hente bagasje. Men utover det trur ikkje direktøren at saka vil få etterspel.   

- Vi vil følgje dette skikkeleg opp, slik at vi unngår at dette skjer igjen, seier Molde, som legg til at dei har god kommunikasjon med den uheldige passasjeren.