- Gyrosmitta vil eksplodere

Parasitten Gyrodactylus Salaris er attende for fullt om ikkje lakseelva i Lærdal vert behandla snarast råd.
Publisert 23.11.2007 09:19. Oppdatert 23.11.2007 11:20.
- Skriv ut
Det fryktar seksjonsleiar Tor Atle Moe ved Veterinærinstituttet.
- Laksen vil klare seg gjennom vinteren, men neste år vil infeksjonen eksplodere, seier han.
Behandling snarast råd
Seksjonsleiaren meiner ein så snart som mogleg bør gå i gang med ny behandling av elva.
- Eg trur det er strategisk lurt å gjere før smolten vandrar ut i mai. Då klarer ein i alle fall å halde smitten nede. Kanskje blir ein til og med kvitt den, seier han.
Ti prosent er smitta

Det er 11 år sidan parasitten Gyrodactylus Salaris vart oppdaga for første gang i Lærdalselvi. Elva vart behandla med rotenon i 1997 og med surt aluminium i 2005 og 2006. Men truleg har ein eller to fiskar overlevd kuren og 7. november i år vart det påvist gyrosmitte på kvar tiande undersøkte fisk.
- Vi hadde ei god kjensle etter at vi avslutta behandlinga i fjor, men det viser seg at det er ein del ting om laksen sin biologi vi ikkje kjenner til, seier Moe.
- Tilbakesteg
For leiar Magne Eri i elveigarlaget og dei andre grunneigarene, var nyheita om at det igjen vart påvist gyrodactylus salaris eit stort tilbakesteg.
- Vi hadde håp om at vi var fri parasitten, seier Eri.
Les
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket