Raida bilar på Sandane

Fem bileigarar i Gloppen vakna onsdag opp til oppbrotne bilar.
Publisert 21.11.2007 14:37.
- Skriv ut
Alle innbrota skjedde i nærleiken av Sandane sentrum - i Sageveien, Goteveien og Timberstigen.
- Tjuvane har fjerna både stereoanlegg og forsterkarar frå alle bilane. Den eine bilen har også mista nummerskiltet både framme og bak, seier lensmann Nils Ove Roset.
Brukte sykkel
Politiet fekk den første meldinga allereie klokka 08.
- Sidan gjekk det slag i slag utover dagen. Det er også stole sykkel frå ein garasje som tjuvane truleg har nytta til å ta seg fram til neste bil. Her har dei teke ein ny sykkel, seier Roset.
Ynskjer tips
I helga slo tjuvar til mot 12 bilar i Stryn kommune. Det same skjedde også i Førde tidlegare denne veka. Roset seier at tjuvane på Sandane har nytta falske nøklar for å ta seg inn i nokre av bilane.
- Vi ynskjer tips frå folk som har vore ute i natt og som kanskje har sett noko, seier Roset som ikkje vil spekulere i kven som kan stå bak innbrota.
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket