Hopp til innhold

Opna sin tredje millionrestaurant

I oktober opna kjendiskokk Ole Jonny Eikefjord sin tredje restaurant i Oslo. Han reknar med å omsetje for 45 millionar kroner i år.

Ole Jonny Eikefjord
Foto: Knut Falch / Scanpix

Saman med kompanjong, storinvestor Petter Stordalen, har førdianaren no bygd restaurantar for 28 millionar kroner.

Restaurant Fjord
Foto: Werner Andersson

Eksklusivt

- Det går betre enn forventa, og det er gledelege tal vi ser, seier Eikefjord. Han har slått seg opp på restaurantdrift saman med Stordalen. I oktober opna dei ein rein fiskerestaurant. Der har det vore fulle hus sidan dag ein.

Dei tre restaurantane ”restauranteik”, "restauranteik 2 etage” og nyopna  ”Fjord” kosta til saman 28 millionar å skape. Til gjengjeld er det eit eksklusivt trekløver Eikefjord regjerer over.

- Vi har satsa på komfort kombinert med rock`n roll. Vi har pelssofa, store lysekroner, plysj på veggene, kjetting for vindauga og ekstrem fotokunst. Men maten skal vere i fokus. Eg trur det er totalopplevinga som gjer suksessen, seier Eikefjord.

Der kjende fjes møtast

Grunntanken for alle restaurantane er å servere ein femretters meny, som vert endra kvar veke. Råvarene skal vere av beste kvalitet, noko som fleire kjende andlet veit å setje pris på. Ofte møtast eliten i Oslo til diskusjonar over Eikefjord sine rettar. Men kokken vil ikkje vere med på at han driv såkalla "in-stader".

- Eg er ikkje oppteken av kven som sit rundt borda. Målet er at folk i joggedress skal finne seg til rette såvel som dei som trekk i finstasen.

Lærlingar frå fylket

Eikefjord brukar gjerne råvarer frå fylket, om han får tak i det. I tillegg ønskjer han at unge kokkar frå Sogn og Fjordane skal finne vegen til kjøkkenet hans i Oslo.

- Eg har hatt lærlingar på restaurantane sidan eg starta. No er Richard Eide Sundal lærling på "restauranteik 2 etage". Og eg håpar fleire vil prøve seg her.

Nyopna " Fjord " med eksklusivt interiør
Foto: Werner Andersson

 

Til Tokyo for tips

For å få inspirasjon til mat og interiør, reiser Eikefjord til Tokyo, London og New York. Marilyn-Monroe-koppane han serverer kaffi i, fann han i Spania. 

- Eg driv med det eg likar aller best, og er heldig som har moglegheiten til å realisere ønska mine. Men for å bli god og best, er det viktig å reise ut, oppleve, og ta noko av opplevingane med tilbake til arbeidet. Akkurat no er Asia, og spesielt Kina, inspirasjonskjelde.