26.05.2012

Ingen E.coli i blodprøvene

Det er ikkje spor av E.coli-bakterien i nokon av blodprøvane frå dei 93 tilsette ved Terina-anlegget i Sogndal.

Grethe Skundberg, informasjonssjef i Gilde. (Foto: NRK)

- Alle dei tilsette let seg frivilleg teste, og resultatet var negativt, seier informasjonssjef Grethe Skundberg i Gilde Vest.

- Det var venta at ingen var smitta. Men samstundes kunne dei tilsette på lik linje med andre ha vore smitta av sognemorr, altså at anlegget hadde smitta dei tilsette. Difor var det veldig viktig for oss å få stadfesta at ingen var smitta eller hadde smitte i kroppen når vi no startar produksjonen igjen, seier Skundberg.