Håp om pølseproduksjon fredag

Gilde håpar å få starte produksjonen av pølser ved Terina Sogndal fredag.
Publisert 06.04.2006 07:27.
- Skriv ut
Mattilsynet gav berre løyve til start i ein liten del av produksjonen onsdag.
- Viktig å kome i gang
Anlegget har vore stengt i to veker på grunn av E.coli-funn i morrpølse, og fleire av dei tilsette er framleis ute på avspasering.
Informasjonssjef i Gilde Vest, Grete Skundberg, seier det er viktig at dei no får kome i gang med produksjon av pølser.
- Det er klart at dette er ein vesentleg del av produksjonen i Sogndal, og det er difor vi førebur og håpar på ein start på fredag.
Enkelte tek ut feriedagar
- Kva blir situasjonen for dei tilsette dersom denne produksjonen ikkje kjem i gang raskt?
- Det spekulerer vi ikkje i, det er ein god dialog mellom leiinga og dei tilsette på anlegget, så det er noko vi diskuterer. Pr. i dag er nokon av dei tilsette i arbeid att, enkelte held framleis på med dei 75 timane med avspasering, og andre har teke ut nokre feriedagar.
- Håpar å vere i gang fredag
- Når må de i gang med full produksjon for å unngå permitteringar?
- Det har vi ikkje teke stilling til no. Som sagt førebur vi til start av pølseproduksjon fredag, og då håpar vi å vere i gang.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket