Oppdrettsfisk på rømmen

Smolt sym fritt i Sognefjorden.
Publisert 15.11.2007 15:14.
- Skriv ut
Ved eit setjefiskanlegg i Arnafjorden i Vik har omlag 1000 smolt rømt. Det skjedde 30. oktober.
Uheldig
Folk ved anlegget har forsøkt å fange noko av den rømte fisken med garn, men fiskelukka har vore avgrensa, i følge Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
I ei pressemelding skriv dei vidare.
"Fylkesmannen og Fiskeridirektoratet er uroa over at det har rømt fisk, og spesielt sidan dette har skjedd innanfor grensa til nasjonal laksefjord i Sognefjorden. Anlegg som ligg i nasjonale laksefjordar skal ha ekstra fokus på sikring mot rømming. Den rømte fisken var tilpassa sjøvatn og klar til utsetting i matfiskanlegg då den rømte, og kan difor ventast å få ei god overleving i sjøen. Det er grunn til å frykte at ein del av rømlingane vil vandre opp i elvane og gyte når dei vert kjønnsmogne.
Med årviss innblanding av rømt fisk i elvane vil særpreget til storlaksstammene i Sogn kunne forsvinne, og villaksen verte erstatta dels med forvilla oppdrettslaks og dels hybridar (blanding av oppdretta og vill fisk). I Sogn er det fem nasjonale laksevassdrag og fleire andre elvar med storlaks."
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket