Hopp til innhold

Omkom i kollisjon med semitrailer

Det var Borgny Skjerdal (69) frå Aurland som omkom i trafikkulukka i Flåm onsdag ettermiddag.

Skjerdal var passasjer i bilen som vart køyrd av ektemannen (70). Han er innlagd med livstrugande skader på Haukeland universitetssjukehus.

I tillegg vart også ein annan person alvorleg skadd. Tilstanden hans er stabil.

Ein småbarnsfamilie på fire frå Bergensområdet vart lettare skadde i ulukka.

- I alt vart seks personar sende til sjukehus i Bergen, Lærdal og på Voss, opplyser politiadvokat Terje Gjertsen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Høyr: Jon Håland måtte hjelpe to born

Traileren fekk sleng

Trafikkulukke i Flåm
Foto: Steinar Kvigne/porten.no

Augevitne fortel at semitraileren fekk sleng på det svært glatte føret på brua. Dei to personbilane kom i klem mellom traileren og autovernet på Fretheimsbrua.

Tre luftambulansar, eit redningshelikopter og fire ambulansebilar og fire politipatruljar rykte ut til staden. Brannmannskap med alt tilgjengeleg utstyr vart også sendt ut.

Auka beredskap

Politiet opplyser at det var ein vanleg stykkgodstrailer, og at den ikkje frakta farleg avfall. Ulukka skjedde like ved avkøyrselen til Flåm sentrum, på brua mellom Flenjatunnelen og Fretheimstunnelen.

Meldinga om ulukka kom inn 13.47 til AMK-sentralen ved Førde sentralsjukehus. På grunn av ulukka vart beredskapen auka ved Haukeland universitetssjukehus, Førde sentralsjukehus og Lærdal sjukehus.

Trafikkulukke i Flåm
Foto: Arve Uglum / NRK
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.