Hopp til innhold

- Ikkje bruk pengar på teater

Det er urimeleg at staten skal sponse dei som går på teater. Det meiner stortingsrepresentant Åge Starheim i Framstegspartiet.

Åge Starheim
Foto: NRK

Staten betalar 91 prosent av det ein billett til Sogn og Fjordane Teater kostar. Det betyr at i år betaler staten 875 kroner for kvar billett som blir selt til teaterførestillingane.

- Det er urimelig at skattebetalarane skal betale ein så stor del av teaterbilletten, slik at nokre få personar kan nesten gå gratis på teater, seier Starheim.

- Dyrt med teater i distriktet

Terje Lyngstad

Terje Lyngstad

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Teatersjef Terje Lyngstad seier dei vanlegvis ligg på 5-6 prosent i eigeninntekt. Altså at Staten tidlegare har sponsa billetten meir.

- Kunst og Kultur skal ha ein heilt eigen verdi på same måte som helse og skule. Hadde vi ikkje hatt eit profesjonelt kunstliv, hadde vi stått att med lokale revyar og fotballkampar. Sjølv om det også er bra, seier teatersjefen.

- Det er dyrt å drive eit profesjonelt teater som når ut til folk i distriktet, seier han.

- Bruk pengane til lovpålagte oppgåver

Starheim meiner at politikarane først og fremst må sørgje for at folk får dei tenestene som er lovpålagte.

- Er det igjen nokre pengar etter det, kan vi bruke det til andre formål, seier han.

- Det er tull å sette kultur opp mot lovpålagte oppgåver, seier Lyngstad.

- Kulturbudsjettet står for bare ein prosent av budsjettet. Så om ein brukar alle desse pengane på lovpålagte oppgåver, hadde det ikkje monna mykje, seier han.