Havyard har skjerpa tryggleiken

Tre polske arbeidarar døydde på grunn av surstoffmangel under arbeid i ein tank på denne båten.
Foto: Ragnhild Eikenes/NRKHavyard Leirvik i Hyllestad har endeleg fått på plass tryggleikshandbok på polsk. Nesten to månder etter dødsulukka ved skipsverftet er dette no i orden.
Publisert 03.04.2006 08:05.
- Skriv ut
- Men tryggleiken blir aldri god nok, vedgår personalsjef Bente Nesse.
13. februar i år kjem ho seint til å gløyme. Ei arbeidsulukke kravde livet til tre polske arbeidarar. Arbeidarane døydde på grunn av surstoffmangel under arbeid i ein skipstank. I etterkant av ulukka viste det seg at tryggingshandboka ikkje fanst på polsk.
Nye tryggleiksrutiner
Som eit resultat av ulukka kom Arbeidstilsynet med pålegg om å få tryggleikshandboka på blant anna polsk.
- Vi har no oversett boka til engelsk, polsk og litauisk. I tillegg har vi sikra oss at dei utanlandske underleverandørane har ein engelsktalande bas per ti tilsette. Dei skal og ha ein norsk kontaktperson.
- Må vere i forkant
Personalsjefen seier den tragiske ulukka har ført til at dei har gått gjennom alle sider ved tryggleiksarbeidet og rutinane ved verftet. Ho ser klart at den tragiske ulukka burde ha vore unngått.
- Nei, det er jo ikkje slik det skal vere. Det ideelle er jo at vi jobbar i forkant og på det viset hindrar at ulukker skjer. Men det er vel slik at når ein har med menneske å gjere så skjer det ulukker.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket