Hopp til innhold

Vil ha færre eldre bak rattet

- Mange eldre har førarkort for lenge, meiner lensmann.

Illustrasjonsfoto
Foto: Scanpix / Scanpix

Sei di meining: Er det for mange eldre på vegane?

Lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos, viser til eigne erfaringar og statistikk når han argumenterer for færre eldre på vegane.

- Å ha førarkort er ikkje ein menneskerett. Det kan virke som om enkelte ikkje skulle hatt førarkort så lenge

For snille legar

Frå 2004 til 2006 var nesten halvparten av dei omkomne i trafikken her i fylket over 65 år. I dag er det fastlegane som stort sett tek lappen frå eldre bilførarar, og Strandos meiner ein del legar er for snille.

- Det er av og til der vi føler at det glipp. Å ha førarkort er ikkje ein menneskerett. Det kan virke som om enkelte ikkje skulle hatt førarkort så lenge, seier han.

- Sosialt liv

Mangeårig kommunelege i Førde kommune, Helge Bell, er samd med lensmannen i Bremanger. Men han seier det å ha førarkort også handlar om eit sosialt liv. Ei anna side av saka er at fleire er dyktige bak rattet på trass av høg alder.

- I enkelte tilfelle kan ein nok vere for snille. Det er klart at det er ei vanskeleg avgjerd og mange omsyn ein må ta. Men regelverket er der og vi er forplikta til å følgje det, seier han.

- Ikkje berre eldre

Knut Halset har køyrt bil i ein mannsalder. 83-åringen meiner sjølv at han er ein gentleman i trafikken. Også han er samd i at mange eldre ikkje burde hatt førarkort og at legane bør bli strengare. Likevel, meiner han det også blant den yngre garde er mange dårlege sjåførar.

- I Førde, ser det til dømes ut til at det er moderne å ikkje bruke blinklys. Det tykkjer eg er veldig tåpeleg og dumt. Då hjelp du ikkje medtrafikanten å køyre, seier han.