26.05.2012

Fryktar lik løn for likt arbeid

Sveising (Foto: Ole Christiansen/Scanpix)

Verftsnæringa fryktar oppseiingar når fellesforbundet no krev lik løn i industrien.

Fellesforbundet meiner skipsverfta driv med sosial dumping og lønar utanlandsk arbeidskraft med 70 kroner timen. No krev dei at tariffavtalen blir allmenngjort.

Vil tape stort

Det inneber lik løn for likt arbeid - altså ei timeløn på om lag 140 kroner timen til gjestearbeidarane. Administrerande direktør i Norsk industri Stein Lier Hansen avfeiar påstandane om sosial dumping. Han fryktar i staden at verfta taper stort om Fellesforbundet når igjennom med kravet.

- Verftindustrien og for så vidt andre delar av leverandørindustrien til skipsbygging, kan komme i ein situasjon der ein på sikt ikkje klarer å konkurrere globalt og dermed ikkje kan legge oppdrag til Norge, seier han.

Lik løn for likt arbeid

Leiar i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, Magne Ulvatn, delar ikkje denne frykta. Han seier norske verft har klart seg i mange år utan utanlandsk arbeidskraft. Ulvatn meiner kravet handlar om rettferd.

- Dei gjer den same jobben som vi skal gjere. Dei skal jobbe ved sidan av oss og skal leve i det same samfunnet som oss. Svært mange av dei ynskjer også å etablere seg i Norge og då har dei uansett same utgifter som oss, seier han.