26.05.2012

For dårleg bjørnespor i Eikefjord

Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord. (Foto: MMS-Foto: Evert Havn)

Dette sporet er for dårleg til at naturoppsynet kan fastslå om det er bjørn i Eikefjord.

Foto: MMS-Foto: Evert Havn

Spora som vart funne i Eikefjord i førre veke beviser ikkje at det var bjørn i området.

Bileta rovviltkontakt Ingjald Hauso tok av bjørnespora er vurdert av fleire i Statens Naturoppsyn, men spora er ikkje klåre nok til å seie at det var bjørn.

Den siste tida har det vore gjort to observasjonar av bjørn i Eikefjord. Seinast for ei veke sidan oppdaga ein bilist bjørn krysse vegen rett framfor bilen.

- For å kunne fastslå at det eventuelt er bjørn i området må vi ha skikkelege bevis som eit kadaver eller eit godt spor. Det har vi ikkje funne enno, så vi er faktisk like langt, seier Hauso.