Hopp til innhold

- Gåva er snikprivatisering

Høyanger kommune gav i går vekk Kyrkjebø Sjukeheim til ei stifting.

Dermed overtek stiftinga gjelda og ansvaret for drifta av sjukeheimen. Hovudtillitsvald for KFO i Høyanger, Eldbjørg Ruud, fryktar konsekvensane av vedtaket.

 

- Innsyn og kontroll vanskeleg

- Kommunestyret har ikkje instruksjonsmynde overfor styret i stiftinga. Dermed blir det vanskeleg med innsyn og kontroll både for oss tillitsvalde, for publikum og politikarane, seier Ruud.

 - Snikprivatisering

Høyanger kommunestyre vedtok i går mot stemmene til RV og Senterpartiet å gje vekk Kyrkjebø Sjukeheim til den kommunale stiftinga Høyanger Bustadstifting. Denne stiftinga eig frå før Høyanger Sjukeheim og omsorgsbustader i kommunen. Men kommunalt tilsette fryktar at dette er ei slags snikprivatisering som fjernar folket si makt over institusjonane

- Folkestyret blir utvatna

Dette synet deler og Einar Rysjedal frå RV:

- Folkestyret blir utvatna, vi misser styringa og innsynsretten, det er den eine sida av saka, den andre er at stiftinga tek til å leve sitt eige liv, dei tilset sine eigne folk, og det inneber at kommunale arbeidstakarar kjem i andre rekkje. 

Kjartan Longva, ordførar i Høyanger
Foto: NRK

- Ikkje privatisering, men effektivisering

Ordførar  Kjartan Longva (Ap) seier dette ikkje er privatisering, men effektivisering. Men han vedgår at dei folkevalde får mindre detaljkontroll.

- Stifting er noko anna enn om kommunestyret skulle ha site og tilsett alt frå 10 prosent reinhaldsstillingar og oppover, det er klart, men det viser seg iallfall med den erfaringa vi har etter to år at det er svært effektivt, seier ordføraren. 

- Driv ikkje med triks

Høyanger Bustadstifting overtek også gjelda til den nyleg ombygde Kyrkjebø Sjukeheim. Dermed vil Høyanger kommune framstå med mindre gjeld, sidan det påverkar den kommunale lånegjelda.

- Er dette eit triks for å få ned lånegjelda?

- Vi driv ikkje med triks i Høyanger kommune.  Dette er ein annan måte å drive sjukeheim på, og som sagt har det vist seg å vere effektivt, seier Longva.