26.05.2012

Ny Per Sivle-biografi neste år

Det er den kritikarroste forfattaren Alfred Fidjestøl som skal skrive biografien om mannen bak "Berre ein hund" og "Den fyrste song".

Fidjestøl har tidlegare fått rosande omtale for boka han skreiv om den kjende tyske filosofen Hans Jonas.

Biografien kjem ut neste år på forlaget Samlaget, 150 år etter at diktaren og pressemannen vart fødd, i Flåm i Aurland kommune.

Livssoge  

Biografien skal handle om livet til Sivle, men livssoga kjem òg til å fortelje mykje om samfunnet Sivle voks opp i og korleis diktaren og pressemannen prega dette:

- Dette blir ein historisk og idéhistorisk biografi. Han skal fortelje om samfunnet Sivle levde i og var med på å prege og endre, seier Fidjestøl.

Sivle blei fødd i 1857 og døydde i 1904. Sivle er mest kjend for dikta, skodespela og romanane han skreiv, men han jobba òg som journalist og redaktør.

- Sentral i dag

Sivle var ein markant politisk figur og sentral i kampen for norsk sjølvstende frå Sverige. Men han fekk aldri oppleve det han brann så sterkt for, eit sjølvstendig Noreg. Per Sivle var lenge plaga av kraftig hovudpine og tungsinn, og i 1904 tok han sitt eige liv.

- Sivle er høgt skatta blant folk enno i dag. Det er kjekt å høyre kva folk koplar Sivle til. Mange tenkjer umiddelbart på "Streik" og den radikale forfattaren og avismannen. Medan andre knyter han til novellediktinga, som "Berre ein hund", og dikt som "Den fyrste song". Soleis lever han lever han mange ulike liv der ute blant lesarane.

Uvisst kva som er nytt

Fidjestøl er ikkje sikker på kva nytt han kjem til å avdekke i arbeidet med biografien.

- No les eg gamle brev og prøver å grave opp nytt om Sivle. Eg veit det er folk der ute som sit på informasjon som kan vere av interesse. Så eg håpar at folk tek kontakt, seier journalist, filosof og forfattar Alfred Fidjestøl.