Hopp til innhold

- Truleg streifbjørn

På trass av bjørnehi og to observasjonar i Eikefjord, viltforvaltar Hermund Mjelstad hos trur ikkje at fylket vårt er i ferd med å bli eit bjørnefylke.

Viltforvaltaren hjå fylkesmannen meiner det truleg er streifdyr som den siste tida har operert i fylket. Og det bør vi godta, så lenge dei ikkje går til åtak på saueflokkane.

- I utgangspunktet skal vi ha rom for streifbjørn, men Stortinget har slått fast at den ikkje skal yngle og etablere eigne bestandar, seier han.

Blir ikkje fastbuande

I fjor gjorde bjørnen to forsøk på å bygge hi i Jostedalen. Der har den også hatt hi tidlegare, seier oppsynsmann Einar Fortun. Mjelstad trur ikkje at hiet indikerer at bjørnen er på veg til å bli fastbuande.

- Bjørnen i fjor har tydelegvis prøvd å lage hi innerst i Jostedalen, men så godt over til Skjåk og lagt i hi der. Det er vel det næraste vi har vore ein bjørn i hi her i fylket på aldri så lenge, seier han.

Får ikkje makker

Styresmaktene har bestemt at store rovdyr som jerv og bjørn ikkje skal yngle i Sogn og Fjordane. Mjelstad fryktar ikkje at den streifande hannbjørnen snart får selskap av ei binne og dermed etablerer familie.

- Det er svært lite truleg. Bjørnebinnene spreier seg veldig seint. Akkurat der trur eg vi kan vere rimeleg sikre på, seier Mjelstad.