Hopp til innhold

Bjørneobservatørar krev å bli trudd

- Statens Naturoppsyn må byrje ta folk på alvor.

Såg bjørnen: Jarle Oddgeir Solheim og sonen Sander Solheim (8).
Foto: MMS- Evert Havn

Det seier Jarle Oddgeir Solheim, etter at SNO kalla bjørneobservasjonen hans for ei god historie førre veke.

- Sjå ei god historie

I går vart det på nytt observert bjørn i Eikefjorden. Haldor Tonheim er sikker på at han såg ein bjørn krysse vegen, då han køyrde til jobb.

- No kan dei komme å sjå på den gode historia og sjå om det er endå ei god historie som er ute og går. Eg trur dei sjølve skal vurdere kva dei driv med, seier Solheim.

Såg bjørn

Rovviltkontakt Ingjald Hauso reiser til Eikefjord for å leite etter bjørnespor i dag. Han seier det kan vere bjørn i området. Fem dagar etter at Solheim såg bjørn i Eikefjord, såg Haldor Tonheim den svære bamsen då han onsdag føremiddag køyrte på jobb. Han såg bjørnen krysse vegen ved Skrehaug i Eikefjord.

- Han kryssa vegen. Eg såg han frå midten av vegen, og at den sprang inn i buskene. Den hadde lange hår, var lysebrun på ryggen og var mørkare brun nedover på sida, skildrar han.