Hopp til innhold

Ny observasjon av bjørn i Eikefjord

På veg til jobb onsdag føremiddag kom Haldor Tonheim over ein bjørn ved Barlindbotn i nærleiken av Eikefjord.

Haldor Tonheim
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Bjørnen kryssa vegen 70 meter framfor bilen til Tonheim, som var på veg til Hopen.

- Bjørnen var på storleik med ein stor sau. Han var lys brun på toppen og mørkare på sida, seier han.

Fann spor

Tonheim stoppa og såg etter bjørnespor i vegkanten der bjørnen hadde kryssa. Det var mykje mose i området, men han kom over eit spor som var på storleik med ein vaksen knyttneve.

Tonheim er ikkje overraska over at han såg bjørnen.

- Eg hadde høyrt om den førre observasjonen, så eg har i grunnen sett etter bjørnen, seier han.

Framme på jobben var bjørnen eit naturleg samtaletema. Mange av kollegaene til Tonheim lurar no på om dei kanskje må slutte å gå på tur, av frykt for bjørn.

Observert tidlegare

Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord.

Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord

Foto: MMS- Evert Havn

Fredag i førre veke kom også ein jeger over ein bjørn i Eikefjord. Jarle Oddgeir Solheim og sonen Sander (8) såg bjørnen i 19-tida på kvelden. Sjølv om det var mørkt er han ikkje i tvil om at det var bjørn han såg.

- Om lag 400 meter frå meg kom bjørnen inn i kikkertsiktet. Eg følgde den til han var 100 meter frå meg. Det var veldig skremmande for både meg og guten. Men vi kunne ikkje berre springe der i frå, seier han.

Sjå Såg bjørn i Eikefjord