Torde ikkje reise på sjukehus

Mahmoud Hatefmokthari og kona Mojgan Arjang har i to månader site i kyrkjeasyl i Sogndal.
Foto: Heidi Lise Bakke/NRKKyrkjeasylanten Mahmoud Hatefmokthari i Sogndal lever i frykt og torer ikkje reise på sjukehus for å få behandling av ei skada hand.
Publisert 27.03.2006 13:27. Oppdatert 27.03.2006 16:37.
- Skriv ut
Familien Hatefmokthari har stemna utlendingsnemnda for retten, men det er uklart når saka vert handsama.
Mahmoud Hatefmokthari skada handa stygt under ei arbeidsulykke før utsendingsvedtaket kom. Sidan då har Mahmoud Hatefmokthari, kona og dei to små borna deira levd i kyrkjeasyl på bedehuset i Sogndal.
For nokre få veker sidan hadde han time på Rikshospitalet for å gjennopplive ei hand der han hadde saga av fem fingrar. Han torde ikkje reise til Oslo i frykt for å bli arrestert og sendt ut av landet.
-Desperat
Tom Salte i støttegruppa for familien Hatefmokthari er opprørt og fortvila over situasjonen til familien:
- Det er nesten ikkje råd å sette seg inn i situasjonen deira. Ein ting er handa hans, ein anna ting er dei mindreårige ungane. Dei har to gutar på ni og elleve som har foreldre som sit regelrett i fengsel. Og dette må ungane sjå på, seier Salte.
Tom Salte konstaterar at familien er fortvila:
- Ein ser det byrjar å bli aukande teikn på desperasjon over situasjonen.
- Har ikkje rett til opphald
Direktør i Utlendingsnemnda Terje Skjeggestad held fast på at familien må forlate landet:
- Saka har vore handsama og avgjort i fire runder. Den har etter at den blei avgjord i to instansar, også vore handsama i eit nemndmøte med lekfolk tilstades med einstemmig resultat, seier Skjeggestad.
Direktøren i Utlendingsnemnda meiner heller ikkje den skada handa er grunn til å få utsett vedtaket om utsending.
Sogn
- Sogndal 2 vann målrikt lokalderby
- Biltjuv fakka i Årdal
- Cruisehamn gir nytt håp for hotell
- Russarane trekkjer importforbodet
- Går glipp av nyetablering
- Veolia vurderer å klage
- Fylkesbaatane vann
- Rallarvegen i forfall
- - Sogndal framfor Skjolden
- Sogndalselevar best i retorikk
- Vik skisenter ber om pengar
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket